Velkommen til trening, meistring, slit, prat, sveitte, gode vennskap, smerte, latter og attrå!

Me elskar trening og alt det gode treninga gjer med både kroppen og tankane våre, og me vil ha deg med, for ei god oppleving og ei god kjensle! 

Me tilbyr

Me har styrkerom, møller og kondisjonsapparat i fyrste etasje. I neste etasje finn du turf og romaskiner, rackar og alt du treng for ei økt funksjonell trening, styrke- og kjernetrening. I tredje etasje finn du ein nydeleg treningsal med fantastisk stemning og ikkje minst vidunderleg utsikt over fjorden. Her oppe finn du og garderobane.

Gruppetimar på sykkel, romaskin eller saltimar med blant anna bodypump, kroppsvektstrening, tøying, step og styrketrening. Gje oss gjerne ein lyd om kva gruppetimar du ynskjer deg, me gjer det meste for deg!

Nytt for 2025 er vår innbydande yogasal, med ein roleg stemning som får pulsen til å senka seg. Du kan velgja å vera medlem kun for yogatimane våre i eit eige meldemskap, eller byggja på ditt eige medlemskap for å få tilgang til vår eigen yogaverden.

Me tilbyr i tillegg personleg trening og kosthaldsrettleiing, og ikkje minst god stemning og mykje glede!

Du kan og leiga salane våre til eige bruk, til dømes til trening med jobben, ta kontakt for tilbod.

Frå du byrjar i 9.klasse er du velkomen hjå oss som studentmedlem.

Prisar


Medlemstypar
Pris
Dagspass
209
Vekespass
429
Klyppekort – 10 klypp
1799

Enkeltmånad
779
Medlemskap utan binding - pris per månad
679
Medlemskap med 6 mnd binding - pris per månad
629
Medlemskap med 10 mnd binding - pris per månad
579
VIP-MEDLEMSKAP! Med eige skåp og gratis kaffi (10 mnd binding) - pris per månad
919
Student- og honnørmedlemskap (10 mnd binding)- pris per månad
479
Familiemedlemskap 3 personar - pris per månad
1399
Familiemedlemskap 4 personar - pris per månad
1549

Bortebuar/hyttemedlemskap - 6 mnd binding - pris per månad
279

Yogamedlemskap(10 mnd binding) - pris per månad
379

Adgangssystem/kodebrikke
199

Oppseiingstid: inneværande månad + neste månad

PT – medlem
1 time
820
6 klypp (kr 669 per time)
4014
12 klypp (kr 629 per time)
7548
30 klypp (kr 599 per time)
17970

PT – ikkje-medlem
1 time
820
6 klypp (kr 760 per time)
4560
12 klypp (kr 690 per time)
8280
30 klypp (kr 649 per time)
19470

Prisar er per 1. januar 2026

edgar-chaparro-sHfo3WOgGTU-unsplash.jpg

Opningstider

Måndag - søndag: 04:00 – 23: 30

Elles er bemanning etter avtale, me er som regel i nærleiken, så berre ring, så kjem me med det same :)

tlf 48155004